114 norske ordtak
- Ein fangar fisk med agn, og folk med fagre ord.
- Alder er ikkje å skryte av, ein får han for ingenting.
- Stor arv det er for mannen, av godt folk vera fødd.
- Betre berrføtt enn bukselaus.
- Kast ikkje ut barnet med vaskevatnet.
- Beint fram er kortast, men ikkje alltid lettast.
- Ein skal ikkje selje skinnet før bjørnen er skoten.
- Betre å plukke blåbær enn å ete kirsebær med dei store.
- Den som brenner seg, blir redd elden.
- Ein skal ikkje setje bukken til å passe havresekken.
- Ingen fugl sit så godt i bur at han ikkje heller sat ute.
- Annan manns bør er alltid lett.
- Stillaste vatn har djupaste grunn.
- Ekteskapet er som åleteina, dei som er ute vil inn, og dei som er inne vil
ut.
- Alle vil leve lenge, men ingen vil eldast.
- Alt har ein ende, så nær som pølsa: Ho har to.
- Eplet fell ikkje langt frå rota.
- Etterpå veit alle mann råd.
- Det er snarare gjort å falle enn å reise seg.
- Ein kan fare kvar ein vil, ein fer ikkje frå seg sjølv.
- Heller fattig med ære enn rik med skam.
- Ein liten fisk på bordet er betre enn ein stor i fjorden.
- Ingen kjem til fjells på ein flat veg.
- Jag ikkje fluger frå vennehovud med øks.
- Ingen veit kva han eig før han skal flytte.
- Det er langt fram, sa kjerringa, ho såg seg attende.
- Ei jente skal kysse mange froskar før ho finn ein prins.
- Ein fugl i handa er betre enn ti på taket.
- Det ein ikkje kan få, slepp ein å bere på.
- Ein kan ikkje gjere meir enn ein ting om gongen.
- Gje slik i dag at du kan gi i morgon òg.
- Lågaste gjerdet er lettest å klatre over.
- Gleda gløymest før du trur, men sorgene sitja lenge.
- Mens graset gror, døyr kua.
- Det er ikkje gull alt som glimar.
- Galne gutar blir gode menn.
- Hastverk er lastverk.
- Mager hest er betre enn tom grime.
- Det som fyller hjartet mest, kjem først fram i munnen.
- Tanketomt hovud får gjerne sove.
- Ein skal ikkje skode hunden på håra.
- Ein skal hauste som ein sår.
- Lite er betre enn ingen ting.
- Ein skal ikkje rose isen før ein over er kommen.
- Kyrkjegarden gjer alle mann jamrike.
- Den som vil ha kjernen, får først bite skalet.
- Kjærleiken kan like godt bu i kott som i slott.
- Den som er klok, lærer mangt utan bok.
- Når krybba er tom, bitst hestane.
- Ein skal ikkje krøkje seg meir enn at ein kan rette seg opp att.
- Viljen dreg halve lasset.
- Like barn leikar best.
- Ein skal både leve og la leve.
- Dess meir ein rotar i lorten, dess verre luktar han.
- Lykka er som glas, ho går lett i knas.
- Morgonstund har gull i munn.
- Mykje vil ha meir.
- Den som kjem først til mølla, får først male.
- Nød lærer naken kvinne å spinne.
- Kvar fugl syng med sitt nebb.
- Nedfor bakke går det alltid lett.
- Ingen blir skremd av at ein knyter neven i bukselomma.
- Nordavinden er kald, same kor han kjem frå, sa kjerringa.
- Han blir ikkje vis som ikkje er nysgjerrig.
- Han er rikast som nøyer seg med minst.
- Ordet fer vidare enn mannen.
- Det er no ein overgang, sa reven, dei flådde skinnet av han.
- Pengar er storkna mannesveitte.
- Ein kan ikkje få både i pose og sekk.
- Når det regner på presten, dryp det på klokkaren.
- Redd mann spår alltid vondt.
- Ingen regel utan unntak.
- I dag rik, i morgon lik.
- Som ein ropar mot fjellet, svarar det.
- Same korleis ein snur seg, er rumpa bak.
- Gammal kjærleik rustar ikkje.
- Av barn og fulle folk får ein høyre sanninga.
- Sant er sant, om så ingen trur det.
- Det er aldri for seint å gje opp.
- På seg sjølv kjenner ein andre.
- Seint i seng kjem seint opp
- Betre seint enn aldri.
- Ute av syne, ute av sinn.
- Alle vil ha øksa i bjørneskallen, men ingen vil halde i skaftet.
- Bakom skyene er himmelen alltid blå.
- Betre føre var enn etter snar.
- Når ein snakkar om Sola, så skin ho.
- Ein skal ikkje kaste stein når ein sit i glashus.
- Tjuven trur at kvar mann stel.
- Ei svale gjer ingen sommar.
- Ein god tale er alltid kort.
- Tale er sølv, tausheit er gull.
- Han talar mest som tenkjer minst.
- Alt kan kjøpast, utan tid.
- Fram og tilbake er like langt.
- Pengelaus mann går trygt mellom tjuvar.
- Vil ein truge, må ein òg kunne slå.
- Lita tue kan velte eit stort lass.
- Tomme tønner ramlar mest.
- Ulven skifter håra, men ikkje hugen.
- Dei unge skal ein lære, dei gamle skal ein ære.
- Utakk er verda si lønn.
- Gammal vane er vond å vende.
- Ein veit ikkje kva vatnet er verdt, før brønnen er tom.
- Ein lyt vere både snar og var.
- Berre den som vandrar, finn nye vegar.
- Ein god venn er gull verdt.
- Alt vitet sit ikkje i eitt hovud.
- Kortspel og vin har gjort mange til svin.
- Ein får vere glad ein er til – det er mange som ikkje er det, sa guten.
- Når ølet går inn, går vitet ut.
- Det er lettare å ause ut enn å dra inn.
- Auget er det første ein blir blind på.
- Ein skal støtt ha opne øyre, men ikkje open munn.
Kjelder
- Knut Lindh: Bokmål–nynorsk ordbok (2010)